Jærdagen er arvtakaren etter den gamle Timemarknaden, som starta i 1914 då Time kommune fekk lov til å halda hestemarknad på torget på Bryne siste tysdagen i mai.
I 1953 måtte hestemarknaden flytta til Rådhustomta fordi torget skulle brukast for bilar og bussar. Traktoren hadde begynt å overta etter hesten,og etterspørselen etter hest hadde minka sterkt.
Handelsdepartementet avgjorde at Timemarknaden skulle leggast ned frå 1959. Hestemarknaden vart arrangert for siste gong 27. mai 1958.
Bare 15-20 hestar var for sal. Handelsstanden på Bryne kunne ikkje sjå på at marknaden skulle døy ut; folk var vane med å koma til Bryne for å gjera ein god handel. I tillegg til denne siste hestemarken vart det arrangert ei utstilling av produkt frå åtte industribedrifter på Jæren.
Fleire var interesserte, men det var ikkje tak å vera under, noko produkta til bedriftene kravde. Magnus Jonsbråten skriv: "Det var naturleg at bedriftene ville syna fram sine produkt, dei var no på frammarsj etter ein oppbyggingsperiode etter krigen.Som formannen for utstillinga, Nils Underhaug, skriv: "(Stoda) hadde no betra seg mykje med tilgang på nær sagt alle råmateriale og derav også ferdige varer og produkt. I bedriftslivet hadde eit nytt ord teke til å gjera seg gjeldande, nemleg automasjon. Dette skapte ny giv og entusiasme.
No skulle det bli meir fart i våre jærske bedrifter. Året før (1957) vart Jæren Automasjonsselskap skipa med 10 medlemsbedrifter frå Bryne og Jæren.
Større innsats i produksjonen kravde også større behov for auka salsinnsats. Det er derfor svært naturleg å vera med på tanken om ei lokal utstilling på Bryne der ein kunne få visa sine produkt for eit større publikum."
Tore K. Wiig, som var formann og tevlingsleiar i Rogaland Bygdeungomslag,organiserte tevling i presisjonskjøring på plassen. Dette vart eit slags prøveår for Jærdagen. Skulle "alle" få vera med, måtte dei ha eit stort tak over hovudet. I 1959 leigde Tore K. Wiig og Torger Erland eit stort møtetelt til Norges Bondelag.
Laurdag 30. og sundag 31. mai 1959 vart den første "riktige" Jærdagen. Til det første, vesle programheftet hadde Ola Nordsletten laga teikning av den krokete raunen som står åleine ved steingarden og lutar innover med snaue, stormpiska greiner.
Seinare har dette vore Jærdagen sitt bumerke. I helsingsord til den første Jærdagen sa ordførar Bjarne Undheim blant anna: "Dagen skal markera den nye tida og vera ei mønstring av mekanisering og rasjonelle arbeidsmåtar i jordbruket, industri og handel. Vi vonar og at dagen skal få eit større innslag i kulturell lei."
Frå første gong var tevlingane med: Blant anna saueklypping, skogplanting, kudømming, traktorkjøring, osteanretning, blomsteroppsetjing, smørbrødskjering, musikk og song.
Arrangørane av Jærdagen har vore og er Bryne handelsforening, Bryne Idrettslag (i dag Bryne Fotballklubb og Bryne Friidrett), Brynes Vel, Rogaland Bygdeungomslag og Time kommune. Seinare kom også Jæren Industriforening med.
Hovudinnhaldet i Jærdagen har halde seg uendra, men nye programpostar har kome til.
Mat og drikke var det kvinnene som stod for dei første åra. I dag er også mennene med.
Frå 1965 vart Jærdagen utvida med fredagen, slik at arrangementet gjekk over tre dagar. Fredagen var det torgsal og oppmarsjing i gatene